fredag 31. juli 2009

Medlemsjuks i den norske kyrkja?

Ja ein kan jo begynne å lure. Eg har vore utmeldt av kyrkja den norske sidan februar 1988. Altså i 21 år. Det har eg til og med ein attest frå menigheita i Gloppen som bekreftar. Men i dag dukka det opp i posten eit valkort til kyrkjevalet. På valkortet står det: du er oppført som medlem i den norske kyrkja og kan bruke dette valkortet for å avgi di stemme. GRRR..sånnt vert eg arg av! Det kan vere mange slike som eg, som har meldt seg ut og trur at ein dermed vert sletta i det statlege registeret, men som likevel ikkje er det. Gubben opplevde same elendigheita; utmeldt av kyrkja, men valkort i posten. På heimesida til kyrkja oppgjev dei at 80,7% av befolkninga er medlemmar av den norske kyrkja. Ein kan vel gruble litt over kor gale dette talet eigentleg er. Statskyrkja har nok "snikinnmeldingar" etter mitt syn til å sleppe unna med sånnt slurv i medlemsregistreringa. Dobbel GRRR.

5 kommentarer:

Karina Mathilde sa...

las noke på facebook en gang om at folk som ha meldt se ut før en eller anna gong på nittitalet, fikk utmeldinga automatisk "annullert" når dei sku ha registera på pc i stedet for på papir :p

STRANDA BUDEIE sa...

tja...det kan kanskje forklare min situasjon, men ob melde seg ut for 2 år sidan...

Charlotte sa...

Kyrkja melde han sikkert automatisk inn igjen når han gifta seg med eit medlem.

STRANDA BUDEIE sa...

men det har eg ikkje gjort har eg vel..

Charlotte sa...

SV: dersom du blir det kjem du til å ver på idrett, og der finn du ikkje meg:)