
I høve russejubileet på Sandane vart eg ut på kvelden utfordra til finne fram nokre gode gamle klinelåtar. -På PC-en som liksom skulle fungere i staden for
DJ-Sjur som var engasjert til festen vår, men som aldri dukka opp.
SIC. Det var lite av sorten å finne, men berga "klinedans"-sekvensen med ein heimebrent CD med 80`talsmix eg hadde teke med i veska til forspielet.
I ettertid har eg funne fram og rangert dei 6 beste klinelåtane frå 1980-talet. Eg huskar (eh..litt flaut..) at eg hadde tatt opp Careless Whisper etter kvarandre på ei heil kassettside, så ein skulle nesten tru denne toppa lista mi. Men det gjer den altså ikkje. (Egentlig burde han etter nærmare vurdering ikkje vore med i det heile. Den er jo litt kvalm..men for å heidre dei i russekullet som hadde eigen foreining: KMAGMEH: "Klanen Mot At George Michael Er Homo" ...eh...; får han vere med.) Men ein klar vinnar etter mitt hjarte er Suddenly, tett fulgt av Hello.
Her er lista:
1. Suddenly med Billy Ocean, 1987
2. Hello med Lionel Richie, 1984
3. You`re the inspiration, Chicago, 1984
4. Purple Rain, Prince, 1984
5. Careless Whisper, George Michael, 1984
6. Arturs theme, Christopher Cross, 1982